Songtexte.com Drucklogo

Vandringsvise Songtext
von Odd Nordstoga

Vandringsvise Songtext

Ta telefonen
Eg tek telefonen,
Men er ′kje innpå
Den religionen.
Hallo hallo og sei det fort og sei det no,
For det er dagen som ventar
Med sekken på.
Og dit han har tenkt seg er det fint å gå

Ta kameraten
Eg treffer kameraten
I forbifarten, men er 'kje
Hugen på den praten.
Jau takk for sist og gift og ventar nummer tre,
Men det er dagen som ventar
Med sekken på.
Og dit han har tenkt seg er det fint og gå


Eg skal ut i det fri,
Vera gauken i li,
Vera bjønnen som vaknar i bjørnehi,
Vera sol vera regn,
Vera fuglen under sky,
Vera alt som denne dagen kan by.

Ta romantikken
Ta romantikken
Eg er glad at eg i dag sette lit til den butikken,
For gjennom lauvet der som rislar seg i vinden
Ser eg dagen som sit der med ein blå fiolin.
Og tru meg, han spelar så at ulvane grin.

Eg skal ut i det fri,
Vera gauken i li,
Vera bjønnen som vaknar i bjørnehi,
Vera sol vera regn,
Vera fuglen under sky,
Vera alt som denne dagen kan by.

Og sola i striper gjennom lauvet det skin,
Og dyra dei dansar til fela så fin.
Eg står der i lunden og er utan eit ord,
For i i trea så stemmer i eit englekor


Eg skal ut å gå.
Så mykje fint å sjå.
Ut der å vandre med treskoene på.
Eg skal ut å sjå
Det som ingen kan tru på.
Så la la meg gå.
Så la la la meg gå.

Eg skal ut i det fri,
Vera gauken i li,
Vera bjønnen som vaknar i bjørnehi,
Vera sol vera regn,
Vera fuglen under sky,
Vera alt som denne dagen kan by.

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Beliebte Songtexte
von Odd Nordstoga

Quiz
Welcher Song kommt von Passenger?

Fans

»Vandringsvise« gefällt bisher niemandem.