Songtexte.com Drucklogo

November Songtext
von Odd Nordstoga

November Songtext

Det er eit troll på loftet, og draugen er på dass
I kjellaren bråkar ein skummel ein
Og ute er eit skrømt frå den tid slike fanst
Han dansar utpå marka ein skummel dans

Og veden vil ′kje brenne, og livet det er stutt
(Så alle dei ringer og gjer det slutt)
Og koppane dei skranglar når toget fér forbi
Det skingrar gjennom byen, men det er ingen i

Ååå, d'er noko som fer
Ååå, d′er noko som skjer
Åååå, d'er noko som hender
Og d'er ein som eg kjenner:
Det er November


Og katten er så rar av det vonde han ser
På sin blodige tur der ute
Iblant halvetne fuglar og livredde mus
Som nok aldri kjem heim til sitt musehus

Ååå, d′er noko som fer
Ååå, d′er noko som skjer
Åååå, d'er noko som hender
Og d′er ein som eg kjenner:
Det er November

Det er eit troll på loftet og draugen er på dass
I kjellaren bråkar ein skummel ein
Og eg er ikkje heime, så alt det eg fortel
Ja, det høyrde eg i lufta av ei daud og plaga sjel

Ååå, d'er noko som fer
Ååå, d′er noko som skjer
Åååå, d'er noko som hender
Og d′er ein som eg kjenner:
Det er November

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Beliebte Songtexte
von Odd Nordstoga

Quiz
Wer besingt den „Summer of '69“?

Fans

»November« gefällt bisher niemandem.