Songtexte.com Drucklogo

Gud signe vårt dyre fedreland Songtext
von Kirsten Flagstad

Gud signe vårt dyre fedreland Songtext

Gud signe vårt dyre Fedraland
Og lat det som Hagen bløma!
Lat lysa din Fred frå Fjell til Strand
Og Vetter fyr Vårsol røma!
Lat Folket som Brøder saman bu,
Som Kristne det kann seg søma!


Vårt Heimland i Myrker lenge låg,
Og Vankunna Ljoset gøymde.
Men Gud, du i Nåde til oss såg,
Din Kjærleik oss ikkje gløymde:
Du sende ditt Ord til Norigs Fjell,
Og Ljos yver Landet strøymde.

So blømde vårt Land i Ljos og Fred,
Det grodde så grønt i Lider,
Men atter seig Natt på Landet ned
Med Trældom og tunge Tider.
Og Folket det sukka etter Ljos,
Og du lyste upp umsider.


No er det i Norig atter Dag
Med Vårsol og Song i Skogen.
Um Sædet enn gror på ymist Lag,
Det brydder då etter Plogen.
So signe då Gud det gode Såd,
Til Groren ein Gong er mogen!

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Fans

»Gud signe vårt dyre fedreland« gefällt bisher niemandem.