Songtexte.com Drucklogo

Vise til Far Songtext
von Sigrid Moldestad

Vise til Far Songtext

Du er bonde med åker og jord
Di omsorg er ofte utan ord.
Du har hand som kan ro ein båt
I armen din er det trygt og godt

Du går rundt i traktorsko
I skogen finner du stille ro
Du har lært meg å stable ved
For gutar og jenter bør kunne det.


Men ka vil skje,
Når våre liv vert snudd opp og ned?
Og eg skal vere den sterkaste?
Vil sitte på ditt fang og høyre deg sei′
-Det var ein gong
Blir eg nokonsinne klar
Blir eg vaksen nok te å klare meg utan ein far.

Eg er redd for å vekse te
Eg er redd for å kjenne at det skjer;
Å sjå du blir gamal og grå
At handa du held med, skjelv du på

Vi skal alle miste og døy
Vi skal klare oss sjølv på ei øde øy
Vi skal følgje slekters gong
Og i skogen susar ein blåtone-song


Om ka som skjer,
Når våre liv vert snudd opp og ned?
Og eg skal vere den sterkaste?
Vil sitte på ditt fang og høyre deg sei'
-Det var ein gong
Blir eg nokonsinne klar
Blir eg vaksen nok te å klare meg utan ein far.

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Beliebte Songtexte
von Sigrid Moldestad

Quiz
Wer singt das Lied „Haus am See“?

Fans

»Vise til Far« gefällt bisher niemandem.