Songtexte.com Drucklogo

Om eg var deg Songtext
von Sigrid Moldestad

Om eg var deg Songtext

Skulle satt meg ned med meg
Om eg var deg
Sagt eit varmt god dag, kan eg sitte her?
Med deg
Skulle sagt at regnet snart forsvinn
Skulle mint meg at sola vinn

Skulle sett eg var litt skør
Om eg var deg
Haurt mi unge bør alt eg ikkje tør
Når eg er meg
Skulle sagt at allting ordnar seg
Sjølv om livet tek ein kronglete veg

Men no droplar regn på vår rute
Vi kjem, sit og går
Kvart eit andlet ber historier
Redsler, smil og gråt


Det er stille morgonstund på buss nummer ni

Skulle reist meg opp for meg
Om eg var deg
Bak dei sakte trinn syng mitt unge sinn
Som deg
Skulle sagt at menn med hatt er flott
Og at damer med blåe hår er topp

Skulle spurt meg kvifor eg kom
Om eg var deg
Sett forbi mitt slør, vore systre og brør
Om eg var deg
Skulle haurt ei god historie
Skulle le av dei same ting

Men no droplar regn på vår rute
Vi kjem, sit og går
Kvart eit andlet ber historier
Redsler, smil og gråt


Det er stille morgonstund på buss nummer ni

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Beliebte Songtexte
von Sigrid Moldestad

Fans

»Om eg var deg« gefällt bisher niemandem.