Songtexte.com Drucklogo

Det hev ei rose sprunge Songtext
von Christel Alsos

Det hev ei rose sprunge Songtext

Det hev ei rose sprunge
Ut av ei rot så grann.
Som fedrane hev sunge
Av Jesse rot ho rann.
Og var ein blome blid
Midt i den kalde vinter
Ved mørke midtnatts tid.


Om denne rosa eine
Er sagt Jesajas ord,
Maria møy den reine
Bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunns makt
Det store under gjorde
Som var i spådom sagt.

Guds rose ljuvleg angar
Og skin i jordlivsnatt.
Når henner ljos oss fangar,
Ho vert vår beste skatt.
Me syng i englelag:
No er det fødd ein frelsar,
Og natta vart til dag.

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Beliebte Songtexte
von Christel Alsos

Fans

»Det hev ei rose sprunge« gefällt bisher niemandem.