Songtexte.com Drucklogo

Skigardsvise Songtext
von Stanley Jacobsen

Skigardsvise Songtext

SKIGARDSVISE (1974)
Stanley Jacobsen | Melodi: Finn Ludt

Heilt innåt skogen står der ein skigard,
mosegrodd og grå.
Han er til nedfalls og søkk isaman,
men som eit minnesmerke her han står.
Ein gong var dette eit viktig stengsel,
som verna åkeren mot krøterfot.
Ein skigard kan′kje vara evig, veit du,
kan aldri vara evig.

Ein gamal skigard
som står og vitnar om ei svunnen tid.
Det er ei soge om gamal storheit,
kamp mot naturen, kamp som er forbi.
No vert det kjempa på andre frontar,
men nye skigardar, det har me lell.
Ein skigard kan'kje vara evig, veit du,
kan aldri vara evig.


Kva er ein skigard?
Ein skigard er så mange rare ting:
Ei rad med stokkar, sett som eit gjerde,
eller eit stengsel i ditt eige sinn.
Ein gamal fordom, eit raseskille,
hat og misunning eller aversjon.
Men ein skigard kan′kje vara evig, veit du,
kan aldri vara evig.

Kvar du så snur deg,
det er ein skigard mellom før og nå.
Ein skigard er som ei landegrense,
ein skigard er eit stengel for dei få.
Eit hat i hjarta, eit klasseskille,
ein sjalusi, ein uvisshet, ein krig.
Men ein skigard kan'kje vara evig, veit du,
kan aldri vara evig.

Har du ein skigard?
Å, jau, du har nok ein, for alle har
ein ting ein gjerne vil stengja ute,
ein ting ein ikkje syna vil einkvar.
Men desse stengsler treng ikkje vara,
ein skigard kan du kliva om du vil.
Ein skigard kan'kje vara evig, veit du,
kan aldri vara evig.

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Quiz
Wer besingt den „Summer of '69“?

Fans

»Skigardsvise« gefällt bisher niemandem.