Songtexte.com Drucklogo

Leve i stunda Songtext
von Stanley Jacobsen

Leve i stunda Songtext

Leve i stunda
Når vårmorgonklokkene ringlar og slår
Og syng for den groglad timen
Når tonen frå fløyta kling moldstemt og sår
Av vårlengt i skymingstimen
Av vårlengt i skymingstimen


Leve i stunda
Når heggen står drivkvit med levande snø
Som angar av gløymde vårar
Når tusenfrydblomen på grønkande bø
Gret morgondoggblanke tårar
Gret morgondoggblanke tårar

Leve i stunda
Når brisen frå havet er vårvarm og linn
Som mjuke små barnehender
Når kjærleiken bårar i vårvare sinn
Som dønning mot sommarstrender
Som dønning mot sommarstrender


Leve i stunda
Når hjarta er ope og veit kva det vil
Når kjenslene spør og svarar
Å kjenne ein lever, og at ein er til
Den stunda som stunda varer
Den stunda som stunda varer

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Quiz
Welche Band singt das Lied „Das Beste“?

Fans

»Leve i stunda« gefällt bisher niemandem.