Songtexte.com Drucklogo

Gagnløysa Songtext
von Lillebjørn Nilsen

Gagnløysa Songtext

Eg vil så gjerne syngja og veit meg ingen song
Kvar stubben som eg veit hev eg sungje
På fusk og filleviser var saktens ingen trong
Av slike ting det har me ein dungje
Men mangt, så lyt ein nytta når inkje betre finst
Då lyt ein ofte taka den ting ein vyrde minst
Slikt hendar både keisar og kungje

Og sume dei diktar om elskhugen mest
Om blomstrande kinner og kjakar
Ja kunne det no vara så var det vel best
Det er snilt te sjå to elskande makar
Men kjærleiken minkar og møda ho veks
Den smilande vekja vert ei rukkuter heks
Så den ting heve og sine hakar


Og sume del diktar om friheiti snilt
At alle mann er like dei meinar
Men ennå er eg redd om det er aldri så gildt
Det skiljer seg då herrar og sveinar
Den mann som heve makta fær friheiti nok
Men fær du liti makt fær du lite friheit og
Eg kvider mot te seia kva eg meinar

Så er det noko åfått med alle desse ting
Og visstnok er det så med dei fleste
Ver nøgder med luten din om han er no ring
Ja du får tenke deg at ditt er det beste
Og når du drikker vatnet så tenk at det er vin
Og når du slakter kalven så tenk at det er eit svin
Det er tanken som gjere det meste
Ja det er tanken som gjere det meste

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Fans

»Gagnløysa« gefällt bisher niemandem.