Songtexte.com Drucklogo

Bonden og kråka Songtext
von Lillebjørn Nilsen

Bonden og kråka Songtext

Og mannen, han gjekk seg i vedaskog
Å heifara, i vedaskog
Då så han ei kråke i lunden som gol
Å heifara falturilturaltura

Og mannen, han tenkte med sjølve seg
Å heifara, med sjølve seg
Å tru no den kråka vil drepa meg?
Å heifara falturilturaltura

Så spente han føre sin boge for kne
Å heifara, sin boge for kne
Og så skaut′n den kråka så ho datt ned
Å heifara falturilturaltura

Så spente han føre dei folane tolv
Å heifara, dei folane tolv
Og så køyrde han kråka på låvegolv
Å heifara falturilturaltura


Og kjøtet, det salta'n i tynner og fat
Å heifara, i tynner og fat
Og tunga den hadde′n til jolemat
Å heifara falturilturaltura

Av skinnet så gjorde han tolv par skor
Å heifara, tolv par skor
Det beste paret det gav han til mor
Å heifara falturilturaltura

Av nebben så gjorde han kyrkjebåt
Å heifara, kyrkjebåt
Så folk kunne ro både til å frå
Å heifara falturilturaltura

Av augo så laga han stoveglas
Å heifara, stoveglas
Og nakken den sette'n på kyrkja til stas
Å heifara falturilturaltura

Og hjartet, det satte'n på fiskekrok
Å heifara, på fiskekrok
Og ingen har sett slik en fisk han drog
Å heifara falturilturaltura


Men då det så ikkje var meire å ta
Å heifara, var meire å ta
Så dro denne kar′n til Amerika
Å heifara falturilturaltura

Men den som ′kje kråka kan nytta så
Heifara, kan nytta så
Han er ikkje verd'e ei kråke å få
Heifara falturilturaltura

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Quiz
In welcher Jury sitzt Dieter Bohlen?

Fans

»Bonden og kråka« gefällt bisher niemandem.