Songtexte.com Drucklogo

No ser eg atter slike fjell og dalar Songtext
von Herborg Kråkevik

No ser eg atter slike fjell og dalar Songtext

No ser eg atter slike fjell og dalar
Som dei eg i min fyrste ungdom såg.
Og same vind den heite panna svalar:
Og gullet ligg på snø som før det låg.
Det er eit barnemål som til meg talar
Og gjer meg tankefull, men endå fjåg.
Med ungdomsminne er den tala blanda.
Det strøymer på meg så eg knapt kan anda.


Ja livet strøymer på meg, som det strøymde
Når under snø eg såg det grøne strå.
Eg drøymer no, som før eg alltid drøymde
Når slike fjell eg såg i lufti blå.
Eg gløymer dagsens strid, som før eg gløymde
Når eg mot kveld av sol eit glimt fekk sjå.
Eg finner vel eit hus som vil meg hysa
Når soli heim til natti vil meg lysa.

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Beliebte Songtexte
von Herborg Kråkevik

Fans

»No ser eg atter slike fjell og dalar« gefällt bisher niemandem.