Songtexte.com Drucklogo

Enno nær Songtext
von Glittertind

Enno nær Songtext

Klingande klokker, dei hamrar,
og dei sørgjande hjarteslag jamrar.
For eg kan ikkje dølje dei kjensler eg ber.
Når du fer, så er du enno nær.

Du er der,
i ei glipe i ei sky,
der sol blir tent på ny.
Ja, då er du enno der!

Du er der,
i salmane me song,
der allting rima,
så mjukt og mildt kvar gong.


Å, farmor, farmor!
Å, kvil deg no!
Kvil i vinden, med havet,
di syster og din bror.
Som ei syngjande strand,
vil dei helse ditt namn.
Når du fer, så er du enno nær!

Bil etter bil, sakte køyrer.
Men frå heimen til far min eg høyrer -
Dine kjærlege ord er som planta i jord.
Når du fer, så er du enno nær.

Du er der,
i storm og kamp og kav,
i eim av fangst og hav.
Ja, då er du enno der!

Du er der,
når fjella grånar grå,
og mine auge,
skimtar dine blå.

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Beliebte Songtexte
von Glittertind

Quiz
Whitney Houston sang „I Will Always Love ...“?

Fans

»Enno nær« gefällt bisher niemandem.