Kvar dag Songtext
von Geirr Lystrup
Kvar dag Songtext
Kvar dag er ei strofe du aldri før har hørt
– Tiri lång tiri lång tiri lång frå Herrens fiolin
Og om tonen er velkjent og går i gamal takt
Kjem det stadig ei vending til som aldri før er sagt

Kvar dag er ein blomme du aldri før har sett
– Tiri lång tiri lång tiri lång frå Herrens blå palett
For med sola til pensel og lerret høgt i luft
Sjå no målar han livets tre i fargeprakt og duft
– Tiri lång, tiri lång tiri lång frå Herrens blå palett
Av ord er du komen til jubel skal du bli
– Tiri lång tiri lång tiri lång i Herrens store dikt
Det er reint det er friskt som eit evig kjeldevann
Spring det natt spring det dag frå all verdas opphavsmann

Writer(s): Geirr Lystrup Lyrics powered by www.musixmatch.com