Songtexte.com Drucklogo

Junis aue Songtext
von Geirr Lystrup

Junis aue Songtext

Himlen kven eier himlen
Og alle våte skyer
Vatnet kven eier vatnet
Som renn på kjaken min?
Kråka kven eier kråka
Som syng for oss i regnet
Og snegla, den svarte snegla
Som drar på hus og heim?

Og lufta som eg pustar inn
Er mi ei lita stund
Men dampen, kven er dampen sin
Når den går ut av munn′?


Juni - Junis aue
Det er stort og speglar alt ho ser
Og inni Junis hode
Heile verda er det plass til der
Frå Juni - Junis aue
Går ei pil som fangar alt ho vil
Når pila treffer himlen
Blir himlen Juni sin

I grana sit eit ekorn
Og knaskar modne kongler
Men frøa, kven eier frøa
Som vinden reiser med?
Avisa som kjem i posten
Og breva er vel våre
Men postmann' kven eier postmann′
Med lua kjekt på snei?

Juni spør, men veit det sjøl
Ho har ein hemlighet:
Det er ho som eier alt i hop
Ho har det inni her!


I Juni - Junis aue
Det er stort og speglar alt ho ser
Og inni Junis hode
Heile verda er det plass til der
Frå Juni - Junis aue
Går ei pil som fangar verda inn
Når pila treffer himlen
Blir himlen Juni sin

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Beliebte Songtexte
von Geirr Lystrup

Quiz
Cro nimmt es meistens ...?

Fans

»Junis aue« gefällt bisher niemandem.