Songtexte.com Drucklogo

Jente Songtext
von Geirr Lystrup

Jente Songtext

Jente, berre sei det igjen
Gode jente, du har nerver i spenn
Når du går heim om natta
Utanom kratta
Ser du ulvar i alle menn
Jente, du ser kroppar til sals
Som må danse blindt i pornoens vals
Du ser videobarnet
Dingle i garnet
Du ser kjærleik med rep om hals


Så finn ein mur for din harme
Ein mur for din munn
Ein mur for din tanke i sol og sekund
Spray deg, spray deg, spray deg fri
Spray din graffiti
Spray det stort og spray det no
I sol og sekund

Jente, her står meldinga di
Og i morgon går det folk her forbi
Dei vil sjå det i farten
Glise i barten
Men eg veit dei vil kjenne det svi
Jente, kanskje nokon vil sei
Gode jente, sjå i natt var her ei
Ei som endeleg klarte
Å sei det med hjarte
Det er sant det som står i spray


Så finn ein mur for din harme
Ein mur for din munn
Ein mur for din tanke i sol og sekund
Spray deg, spray deg, spray deg fri
Spray din graffiti
Spray det stort og spray det no
I sol og sekund

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Beliebte Songtexte
von Geirr Lystrup

Fans

»Jente« gefällt bisher niemandem.