Songtexte.com Drucklogo

Ho Songtext
von Geirr Lystrup

Ho Songtext

Ho gjev meg aldri blomar med eit gyllent strå til band
Ho gjev meg aldri smykke frå eit framandt land
Ho gjev meg aldri løfte om å dele år og liv
Ho gjev meg tid
Ho gjev meg tid
Ho gjev meg tid

Ho gjev meg aldri uro når ho stundom tar farvel
For varmen ho har gitt meg er min eigen eld
Når frosten kryp imot meg blæs eg liv i hennar glo
Ho gjev meg ro
Ho gjev meg ro
Ho gjev meg ro


I køen ved kjosken der sto ein soldat
Han sa han var heime på perm
Eg har damer i fleng
Og eg får aldri nei
Det er kronår i år, og eg står i ein sverm
Og så drøymer eg berre om ei – ei ei ei
Og så drøymer eg berre om ei

Ho greier aldri håret før ho fylgjer meg til sengs
Ho slår det ut som laken der eit laken trengs
Så set ho fyr på natta og det lyset gjer meg blind
Ho tar meg ut
Ho tar meg ut
Ho let meg inn
Ho tar meg ut
Ho tar meg ut
Ho let meg inn

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Beliebte Songtexte
von Geirr Lystrup

Quiz
Welche Band singt das Lied „Das Beste“?

Fans

»Ho« gefällt bisher niemandem.