Songtexte.com Drucklogo

Gode natt Songtext
von Geirr Lystrup

Gode natt Songtext

Velkomen, gode natt, men hysj gå stille
På harelabb og hoser av fiol
Heng frå deg eftasbrisen i gardina
Og siste solstreif legg du på ein stol

Så kryp du gode natt, innunder dyna
Hos Juni. Og på puta kinn mot kinn
Fortel du noko rart frå du var lita
Eit eventyr så Juni sovnar inn


Fortél om den gong sola gjekk til månen
Og fridde hett om ja, men fekk eit nei
Så sola stadig står med brann i blikket
Og månen går så bleik ei anna leid

Så sit du vakt til dagen atter svingar
Sin tunge pendel over tak og tun
Til lyset stig og fyller fuglebringa
Så trosten kan få stemt sin trekkbasun

Og akkurat når Juni opnar augo
Og gjespar som ein katt i sommarpels
Forsvinn du inn i dagens første skugge
Farvel då natt, velkomen att til kvelds

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Beliebte Songtexte
von Geirr Lystrup

Quiz
Wer will in seinem Song aufgeweckt werden?

Fans

»Gode natt« gefällt bisher niemandem.