Songtexte.com Drucklogo

Diger dag Songtext
von Geirr Lystrup

Diger dag Songtext

Dagar milevidt blåe, dagar jamne og grå
Dagar lange og mørke tunnellar som eg måtte gå
Men dag over alle dagar då du kom meg i mot
Med himmel i håret, hav i hand og røsslyngen for din fot

Ein diger dag
Ein diger dag
Ein diger dag langs ein solvarm veg
Ein diger dag med deg

Hus for ei snegle i grusen, hus for ein hare i eng
Huset som vi fekk leige med innskudd og dobbelseng
Skrik frå ein rev etter stranda, skrik frå ei vipe på moen
Og skriket du skreik då du blei mor og eg var blitt far for ein son

Ein diger dag
Ein diger dag
Ein diger dag langs ein solvarm veg
Ein diger dag med deg


Du lova meg aldri ein hage fri for klunger og klør
Og stundom må vi vel kave i roser til fingrane blør
Og is har vel brunne i båe når vi har gått kvar vår veg
Og andre enn eg har då sanneleg òg fått vakne til dag med deg

Ein diger dag
Ein diger dag
Ein diger dag langs ein solvarm veg
Ein diger dag med deg

Dagar milevidt blåe, dagar jamne og grå
Dagar lange og mørke tunnellar som vi to skal gå
Kvar dag kjem hit med sin pensel på lerretet ingen kan snu
Når bildet er ferdig og ramma kjem på
Signerer vi eg og du

Ein diger dag
Ein diger dag
Ein diger dag langs ein solvarm veg
Ein diger dag med deg

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Beliebte Songtexte
von Geirr Lystrup

Quiz
Wer ist auf der Suche nach seinem Vater?

Fans

»Diger dag« gefällt bisher niemandem.