Songtexte.com Drucklogo

Anne Pendlar Songtext
von Geirr Lystrup

Anne Pendlar Songtext

Tidleg mandags morgon sit Anne på bussen
På ryggjen hev ho ransel med bok og nyste i
Anne er ein pendlar, den yngste i grendi
Ho gjeng i annen klasse, te våren blir ho ni
Motoren gjeng sin gang
To hender i eit fang
Bussen sleng og slarkar med Anne te skulen
To mil på oljegrusen for den som klok skal bli


Lærarinna smiler, i kristendomstimen
Fortel ho om at Gud styrer himmel og jord
Gud bur høgt i himlen, men her nedi Norge
Det tenkjer Anne på, fær han aldri gjort det spor
For mor hev ofte sagt
At pengar er all makt
Pengar la ned skulen som låg heimi grendi
Og pengar bygde ny som er langt frå far og mor

Heim frå skulen, Anne hev somna på bussen
Ho drøymer ho er heime med lammet som ho har
Lammet er i ulli den mjukaste puta
Då stansar Eivind bussen: "Nei Anne du er rar
Å hu, no sov du godt "
Han ruskar ho så smått
Bussen køyrer Anne stend att nedmed vegjen
Ein liten pendlar ruslar seg heim te mor og far

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Beliebte Songtexte
von Geirr Lystrup

Quiz
Wer will in seinem Song aufgeweckt werden?

Fans

»Anne Pendlar« gefällt bisher niemandem.