Aldri Songtext
von Geirr Lystrup
Aldri Songtext
Nei, aldri var vel engene så blåe
Og aldri sto vel bjørka vår så grøn
Aldri fall så tung ein dogg frå strået
Aldri steig så mjuk ein song frå sjøen
Aldri sto vel stjernene så høge
Og himmelen så låg og nevenær
Og steinane som rulla under foten
Eg sver på at eg heldt dei alle kjær
Og vinden som sov rusen ut bak leet
Han flagga ut frå ospa og tok bad
Så sjøen krusa skallen i pur glede
Og sende bølger glitrande av stad
Nei, aldri var vel engene så blåe
Og aldri sto vel bjørka vår så grøn
Aldri fall så tung ein dogg frå strået
Aldri steig så mjuk ein song frå sjøen
La alle somrar by seg fram og friste
Med gull og grøne sko til evig tid
Den natta vil eg aldri aldri miste
Då Juni kom til verda og var mi
Og aldri sto vel bjørka vår så grøn
Aldri fall så tung ein dogg frå strået
Aldri steig så mjuk ein song frå sjøen
Aldri sto vel stjernene så høge
Og himmelen så låg og nevenær
Og steinane som rulla under foten
Eg sver på at eg heldt dei alle kjær
Og vinden som sov rusen ut bak leet
Han flagga ut frå ospa og tok bad
Så sjøen krusa skallen i pur glede
Og sende bølger glitrande av stad
Nei, aldri var vel engene så blåe
Og aldri sto vel bjørka vår så grøn
Aldri fall så tung ein dogg frå strået
Aldri steig så mjuk ein song frå sjøen
La alle somrar by seg fram og friste
Med gull og grøne sko til evig tid
Den natta vil eg aldri aldri miste
Då Juni kom til verda og var mi
Writer(s): Geirr Lystrup Lyrics powered by www.musixmatch.com