Songtexte.com Drucklogo

Reinlender Songtext
von Geirr Lystrup & Godtfolk

Reinlender Songtext

Her bur no visst ein avholdsmann lengst uti bygdi
Sju uddi uddi laddi – avholdsmann i bygdi
I Farrismisjonen med kjeringi og sonen
Han trur det er skadeleg med laddevin og pons
Men det gjer ingentingen, han bryr vel ingen
Gjev du ′n biff så kan du lure i 'n vin
Og sjøl om originalen stakkar er galen
Har han au ei lerke som han kallar medisin

Her bur no visst ein målmann lengst uti bygdi
Sju uddi uddi laddi – målmann i bygdi
Hald på dialekti så heidrar du slekti
Han skriv eit gamalnorsk han snautt skjønar sjøl
Men det gjer ingentingen, han bryr vel ingen
Snart er han gamal nok og dauar likevel
Og sjøl om originalen stakkar er galen
Skjønar han engelsk så han ikkje svelt i hel


Her bur no visst ein kommunist lengst uti bygdi
Sju uddi uddi laddi – kommunist i bygdi
Streik og spetakkel og Lenins mirakkel
Skriv om det i avisa og breskar seg og skryt
Men det gjer ingentingen, han bryr vel ingen
Far hass er god for over ein million
Så sjøl om originalen stakkar er galen
Her heime vil han aldri ha revolusjon

Her bur no visst ein predikant lengst uti bygdi
Sju uddi uddi laddi – lengst uti bygdi
Himmelens glede og Helvedes vrede
Les det upp frå Bibelen og trur det er sant
Men det gjer ingentingen, han bryr vel ingen
Lite er han heime, for han rek så vidt ikring
Og sjøl om originalen stakkar er galen
Høyrde me ′n banna då han klemde sund ein fing

Å, fy søren sa 'n, fy søren sa 'n
Fytte grisen skammeskinn og fytte grisen fy
Å, fy søren sa ′n, fy søren sa ′n
Fytte grisen skammeskinn og fy


Her bur no visst ein innflyttar lengst ut i bygdi
Sju uddi uddi laddi – innflyttar i bygdi
Ståkar og stukar, ja tenk at 'n brukar
Furu til julegran i staden for gran
Men det gjer ingentingen, han bryr vel ingen
Ingen drikk juledram hos han vil eg tru
Og sjøl om originalen stakkar er galen
Far hass var verre: han kom hit i nitten sju

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Quiz
Welcher Song ist nicht von Britney Spears?

Fans

»Reinlender« gefällt bisher niemandem.