Songtexte.com Drucklogo

Gamle Voner Songtext
von Dvergmål

Gamle Voner Songtext

Giv det var so vel, eg raadde
Te′ ein Flekk av denne Jord,
Var ein liten Teig, som naadde
Femti Fot ifraa ein Fjord.
Og var det vel for stort eit Riki
Til at faa i huglegt Stand?
Langs med Fjordom tusund slike
Finnast i vaart fagre Land.


Og der skulde mi stove stadet
Med ei liti Bud attaat
Og eit Naust paa ystse Svadet,
Stort nok te'ein liten Baat.
Paa den blanke væne Viki
For eg ut paa Gamanferd;
Der var Veg til alle Riki,
Til den store, vide Verd.

Stova stod paa Steinar fjore
Tekt med Torv og grøne Gras;
Midt i Taket var ein Ljore,
Midt i Veggen var eit Glas.
Og naarSoli gjenom Ljoren
Inn paa øvste Veggen skein
Og gav Atterglans i Floren,
Skuld′ eg gløymt all Heimsens Mein.


Ut paa Veggen under Take
Slog eg upp ei Fjøl paa Sneid;
Tru om Sporven med sin Make
Kjem og byggjer der sitt Reid.
Og gjorde Staren meg den Æra,
At han paa mitt Møne kvad,
Eg av honom skulle læra
Allstøtt vera kry og glad.

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Beliebte Songtexte
von Dvergmål

Fans

»Gamle Voner« gefällt bisher niemandem.