Morgon på Kobbeskjeret Songtext
von Aftenlandet
Morgon på Kobbeskjeret Songtext
Morgon på Kobbeskjeret
Morgon for frie menn.
Takk for det fine veret
Høgt opp i himmelen
Måsen sin frukost veidar
Gauken i lia gjel,
Sjølv sit eg lur og seidar
Over ein koparkjel
Måsen har sitt i vente
Sralande sild i stål
Eg har ei vakker jente
Innfor mitt siktemål
Urter i kjelen osar
Røyken mot målet dreg
Lokkar so fint, og losar
Jenta den rette veg
Kanskje ho nett no kjenner
Angen av alt som gror
Den som dei vise menner
Førde der fram dei for
Oppfyll på same måten
Kallet som når deg no
Salv deg, hiv deg i båten
Bind opp ditt skjørt og ro
Nyvaska, fin og fjelga
Kjem du med sjø for stamn
Namnet ditt vere Helga
Helga i Herrens namn.
Morgon for frie menn.
Takk for det fine veret
Høgt opp i himmelen
Måsen sin frukost veidar
Gauken i lia gjel,
Sjølv sit eg lur og seidar
Over ein koparkjel
Måsen har sitt i vente
Sralande sild i stål
Eg har ei vakker jente
Innfor mitt siktemål
Urter i kjelen osar
Røyken mot målet dreg
Lokkar so fint, og losar
Jenta den rette veg
Kanskje ho nett no kjenner
Angen av alt som gror
Den som dei vise menner
Førde der fram dei for
Oppfyll på same måten
Kallet som når deg no
Salv deg, hiv deg i båten
Bind opp ditt skjørt og ro
Nyvaska, fin og fjelga
Kjem du med sjø for stamn
Namnet ditt vere Helga
Helga i Herrens namn.
Writer(s): Jakob Sande, Roar Goksoyr Lillebo Lyrics powered by www.musixmatch.com