Songtexte.com Drucklogo

Ditt vakre sinn Songtext
von Tom Roger Aadland

Ditt vakre sinn Songtext

Den gong ei rose flaut på elva
Og lufta rundt var still og klar
Såg eg ospelauvet skjelva
Omkring den staden der du var

Ville eg berre dra deg nær
Ville eg ha deg hjå meg her
Ville eg kjenna varmen din
Ville eg sjå ditt vakre sinn

Den gong du stod der ved eit skilje
Og alt var i det blå
Skar eg bladet av ei lilje
Visste ikkje anna råd


Ville berre dra deg nær
Ville ha deg hjå meg her
Ville kjenna varmen din
Ville sjå ditt vakre sinn

I blader og aviser står side opp og ned
Om samanbrot og kriser og alt som følgjer med
Eg kan kje seie eg hugsar heilt vegen som me kom
Eg kan kje gje eit snøgt svar på det du spør meg om

Ein dag når vindane har stilna
Skal me finna saman att
Ein dag når andleta har mildna
Skal me gå inn i vår natt

Skal eg berre dra deg nær
Skal eg ha deg hjå meg her
Skal eg kjenna varmen din
Skal eg sjå ditt vakre sinn

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Quiz
Cro nimmt es meistens ...?

Fans

»Ditt vakre sinn« gefällt bisher niemandem.